NEG 233 Hogst og bruk av ved

NEG 233 Hogst og bruk av ved er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2010 med tittel Hogst og bruk av ved. Utsendar var Aud Mikkelsen Tretvik for Prosjektet DYLAN.

Arbeid med ved i Næroset i Ringsaker.
Foto: Reidunn Ødegaard (1991).

Introduksjon til spørjelista

Den som besvarer listen er innforstått med at svaret blir arkivert (anonymt) og blir brukt av forskere i dag og i fremtiden. Brukere av materialet må forplikte seg til å verne opp- havspersonens og eventuelt andre personers integritet.

Skog har vore ein ressurs av stor betyding i det daglige livet for ei rekkje føremål. Skog har vore nytta som bygningsmateriale, til energiforsyning og som råstoff for ulike produkt. Skogen kan ha vore privat, statlig/kommunal eller kan ha lege i allmenning. I denne samanhengen er vi først og fremst interessert i bruk av skog til ved. Vi tar utgangspunkt i garden som eit økonomisk system, inkludert sæterdrift og ulike former for utmarksbruk. Vi er særlig interessert i bruk av skog til ved i samband med sæterdrifta, og hogst i fjellbjørkeskogen (for sætre i høgareliggande dal- og fjellstrok). Også vedhogst for bruk heime på garden eller for sal er av interesse. Opplysningar om bruk av biprodukt som bork, never og kvae er likeeins fint å få registrert. Det er viktig at ein gjer greie for kva tidsperiode ein fortel om, i alle fall ned til næraste tiår. Les gjennom heile lista før du begynner å skrive.

Sjå også

Eksterne lenker