Naustdal kommune
Naustdal kommune var ein kommune i Indre Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Han grensa til Gloppen i nord, Jølster i aust, Førde i søraust og Flora i vest. Administrasjonssenteret var tettstaden Naustdal.
Naustdal kommune | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1433 |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommunesenter | Naustdal |
Areal i km²(2020) | 369,29 km² |
Folketal 2020 | 2 825 (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Opphørte | 2020 |
Delt i | 1964: Del av kommunen overført til Førde |
Slått saman med | 1964: Del av Vevring innlemma |
No del av | Sunnfjord kommune |
Målform | Nynorsk |
Naustdal |
I samband med Kommunereforma 2014-2018 vedtok kommunane Førde, Naustdal, Jølster og Gaular i 2016 å slå seg saman til Sunnfjord kommune, med verknad frå 1. januar 2020.
Naustdal var ein landbrukskommune, med særleg vekt på husdyrhald. I 2010-åra hadde nær seksti prosent av arbeidsstokken arbeid utanfor kommunen, særleg i Førde.
Galleri
Sjå òg
Næringslivet i Naustdal i 1935
I 1935 annonserte fleire verksemder i Naustdal i boka om Florøs 75-årsjubileum.
Kjelder
- Naustdal kommune i Sogn og Fjordane i Store norske leksikon
- Naustdal kommune på Wikipedia på nynorsk
|