Nedstrand prestegjeld
Nedstrand prestegjeld var eitt av Den norske kyrkja sine prestegjeld i Rogaland. Det vart oppretta i mellomalderen. Det hadde frå starten av to sokn, hovudsoknet Hinderå og Sjernarøy. Hinderå skifta i 1881 namn til Nedstrand sokn. Prestegjeldet svara til tidlegare Nedstrand kommune.
På 1900-talet vart Sjernarøy overførd til Finnøy prestegjeld, så ved nedlegginga hadde prestegjeldet berre eitt sokn. Nedstrand sokn ligg sidan 2000-åra under Tysvær kyrkjelege fellesråd.
Litteratur
- Prestegjeld og sokn i Rogaland på Arkivverket sine nettsider..
- Årbok for Den norske kirke. Utg. Kirkens informasjonstjeneste. Oslo. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket.