Nord-Fron kommune
Nord-Fron kommune ligg i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke og grensar til kommunane Sel i nord, Sør-Fron i aust og sør, Øystre Slidre i sørvest og Vågå i vest. Administrasjonssenteret er den største tettstaden, Vinstra. I 1855 vart Fron kommune delt i to, Nord- og Sør-Fron. I 1966 vart desse slått saman, og så delt nok ein gong i 1977.
Nord-Fron | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 3436 |
Fylke | Innlandet |
Kommunesenter | Vinstra |
Areal | 1098.83 km² |
Areal land | 1098.83 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | 5 589 (2023) |
Grunnlagt | 1851 og 1977 |
Sammenslåing(er) | 1966 med Sør-Fron til Fron |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Nord-Fron kommunehus på Vinstra Foto: Jan-Tore Egge
|
Nord-Fron er ein jordbrukskommune, men det er òg ein del industri i og kring tettstadene Vinstra og Kvam. Folketalet har gått noko ned sidan 1980-åra; i perioden 1995-2005 sank det med 3,4 %.
E6 og Dovrebana går gjennom Nord-Fron.
- «Osjukahornet» frå garden Lo. Dette var ein av dei fyrste gjenstandane Anders Sandvig kjøpte inn til samlinga på Maihaugen.Foto: Maihaugen/Digitalt Museum
- Vik i Kvam, der Gudbrandsdalens folkehøgskule fyrst låg. Biletet er frå kring 1910.Foto: Hans H. Lie
Kjelder og litteratur
|