Nordskogvegen (Vinje)
Nordskogvegen er ein blindveg i Øyfjell i Vinje kommune som går nordover frå krysset med Trovassvegen og Søndre Grasbekkveg. Han er 1,8 kilometer lang og går i eit hyttefelt på eigedomen Nordskog.
![](/thumb.php?f=Vinje%2C_Nordskogvegen-1.jpg&width=400)
Nordskogvegen sett frå Trovassvegen.
Foto: Roy Olsen (2023).
Vegen har namn etter eigedomen Nordskog (gnr. 120/7) og vart namnsett i 2014.
Kilder
- Norgeskart: Nordskogvegen