Nordstrand krins

Nordstrand krins er ein skulekrins i Vågsøy kommune i Nordfjord. Krinsen låg opphavleg i Bremanger kommune. Ved kommunereguleringa i 1964 vart kommunane Nord-Vågsøy, Sør-Vågsøy og delar av Davik kommune slegne saman til Vågsøy kommune.

Skulehus

Det var omgangsskule i krinsen fram til 1894.

Nordsranda skule

Nordstranda skule i Almenning vart bygd og teke i bruk mellom 1892 og 1894. Skulehuset var i bruk fram til slutten av 1970-talet, då det kom ny skule.

Skuledagen

I 1891 hadde Nordstrand krins 20 veker med skule.

Styrkår Almenning skriv i Ein fjording fortel -minneoppgåve for eldreskuledagen på 20-talet:"Skuledagen tok alltid til med salmesong og fadervår. Mang ein morgon lydde Blix sine morgonsalmar i det vesle klasseromet: Syng i stille morgonstunder, Sjå dagen sprett i austerætt o.a. Men vi sleit ikkje berre på desse. Læraren retta seg litt etter årstidene og. No livnar det i lundar, song vi om våren, og ein annan Blix-salme var kanskje aller mest brukt: Himmelske Fader."

Skulevegen

Styrkår Almenning skriv om skulevegen: "For oss som budde i Almenning og Eldevik var det lettvint å komme til skulen. Då var det verre for dei frå utkantane av krinsen. Både frå Vemmelsvik lengst vest og frå Midtvik lengst aust i bygda var det omlag 5 km til skulehuset. Det fanst heller ikkje opparbeidd veg - bortsett frå eit par hundre meter vest for Eldevik. Så skuleborna måtte traske i veglaus utmark 4-5 km til skulen og tilbake etter skuletid, annakvar dag haust og vår. Verst var det for dei frå Midtvik. Ein stad låg skulevegen høgt oppe i ei bergside, der dei måtte krype under ei fjellnov for å komme fram. Der var det 20¬-30 meter loddrett ned i fjorden under dei. - Eg grein kvar gong eg gjekk der, fortalde ei av jentene frå denne heimen."

Innhysing var vanlig haust og vinter. Almenning skriv vidare om innhysinga: "Søndags kveldane og måndags morgonane hadde sju-åringane mange tunge timar. Dei såg fram til ei endelaus lang veke borte frå far og mor. Så kom dei, oftast i lag med far sin med ransel og nisteskrin. Ranselen var nok lettare enn skuleranslane no til dags, men hjartet var tungt og humøret langt nede.(...)Dei eldre opplevde det vel litt annleis. Kameratflokken vart større og leikemiljøet rikare enn det dei hadde heime."

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Styrkår Almenning "Ein fjording fortel -minneoppgåve for eldre, MO96S-F38, Minneoppgave for eldre 1996, Norsk folkeminnesamling, Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitet i Oslo (upublisert)


Koordinater: 61.913835° N 5.233539° Ø