Ole Syversson Øyen
Ole Syversson Øyen (1761-1817) vart fødd på garden Øyen på Smøla i Edøy prestegjeld. Foreldra hans var Syver Gunnarsson, opphavleg frå Hitra, og Berit Arntsdotter, som var enkje på bnr. 2 på Øyen då ho gifta seg med Syver Gunnarsson. Ole Syversson fekk bygsel på dette bruket i 1786, og i 1794 vart han gift med Maren Hansdtr. Hopen (1772-1833). Ekteparet fekk 11 born, men berre fire vaks opp. I folketeljinga 1801 finn vi paret på Øyen; det budde då ikkje nokre barn i lag med dei.
Ifølgje militærrullen skal Ole Syversson ha vore skysskaffar. Han omkom i ei kollsegling utanfor Hopen i 1817.
Ole Syversson Øyen var valmann for Edøy prestegjeld våren 1814.
Kjelder
- Smøla bygdebok: bind X. Gards- og ættesoge for Hopen. Smøla 2005, s. 584-587.
- Ole Syversson Øyen i Historisk befolkningsregister.
- Ole Sivertsen i folketelling 1801 for Edøy prestegjeld fra Digitalarkivet