Omlidvegen (Kviteseid)

Omlidvegen i Morgedal i Kviteseid kommune er ein om lag 700 meter lang blindveg som går nordover frå Brunkebergvegen til garden Omlid.

Omlidvegen sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter garden Omlid (gnr. 68/7). Husestaden til garden er skild ifrå som eigen eiedom.

På eigedomen til Omlid ligg Omlidgruva, ei koparkisgruve der det var prøvedrift kring 1907.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.
  • Norske gardsbruk, Bind XIII Telemark fylke II, Forlaget Norske gardsbruk 1955.


Koordinater: 59.47829° N 8.37390° Ø