Ove Borøchstein (1949–2013)
Ove Borøchstein (født 16. juni 1949, død 3. juni 2013) var ein lærar, musikar og forfattar med røter blant anna i det jødiske samfunnet i Kristiansund. I ungdomsromanen Svart natt (1994), der ei av hovudpersonane er av jødisk slekt, tok han blant anna opp problemet med nynazisme. Boka J : historien om kristiansundsjødene (2000) er ei fyldig skildring av det jødiske samfunnet i Kristiansund frå det vaks fram først på 1900-talet til det vart øydelagt av nazistane under andre verdskrigen.
Borøchstein var fetter av Jahn Teigen, og skreiv tekstar til fleire av Teigens kjende låtar. I 1990 utgav dei to óg Snakk sammen : en samtalebok for ungdom.
Bibliografi
Ungdomsbøker
- 1990 - Teigen/Borøchstein: Snakk sammen : en samtalebok for ungdom. Kristiansund : KOM Forlag, 1990. ISBN 8290823088
- 1990 - Du er jo bare tretten. [Oslo] (Damm), cop. 1990. ISBN 8251799287 [1]
- 1994 - Svart natt. Oslo (Damm), 1994. ISBN 8251779936 (ib.), ISBN 8252517935 (ib.) [2]
Sakprosa
Kjelder og litteratur
- Ove Borøchstein si gjesteside på nettstaden til Ingar Knudtsen
- «Ove Borøchstein» på Kulturnett.no
- «Lærerressurser: Ove Borøchstein: Svart natt» på Ressurssidene.no
- Ove Borøchstein i Historisk befolkningsregister.