Pål Løytnantsdreng

Pål Knutson Løytnantsdreng (1786–1867) var spelemann frå Nore i Numedal.[1][2]

Pål Knutson Løytnantsdreng Kjelde: Arne Bjørndals samling,Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen

Pål var son av Knut Halvorson Øyanhaugen og Astri Gundersdotter frå Nore i Numedal.[1] Knut var spelemann og hadde tent hos ein løytnant i sine unge år og fekk difor tilnamnet Lytmannsdrengen («Løytnantsdrengen»). Dette tilnamnet gjekk i arv til dei fire sønene. Dei var alle spelemenn.[3]

Løytnantsdrengene spela saman med telemarksspelemenn som Knut Lurås, Myllarguten og Håvard Gibøen. Dei spela mykje på marknadene, særleg på Kongsbergmarknaden.[2] Såleis vart slåttane deira kjende og bruka i andre bygdelag, og dei førte spel frå Telemark inn i numedalstradisjonen.

Knut Dale fortalde om Pål: «Han hadde kolende svart hår og so krulla, det va som det va brent. So var han ein fæl pratmaker, sat skravla og rødde og spela. Han var au slåstkjempe og hadde fengi skamskori fingren sin so han brukte sylvholk på han for å kunne spela.»

Namnet hans er knytt til gangaren «Slik spela Pål», som var spela av mellom anna Steingrim Haukjem og Johannes Dale. Han skal òg ha laga springaren «Vegglijenta».[2][3] Pål utvandra til Amerika i 1842 og reiste rundt og spela for utvandra sambygdingar.[4][3] Han døydde i Amerika i 1867.[2]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 K. Loftsgard (1973). Nore og Uvdal i forn og nye, Del 1, bd. 2, s. 1996.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 "Profilar" http://www.folkedans.com/
  3. 3,0 3,1 3,2 Tov Flatin (1939). Gamalt frå Numedal VII.
  4. K. Loftsgard (1973). Nore og Uvdal i forn og nye. Del 1, bd. 5, s. 1997.