Pantalon (instrument)
Pantalon, òg sjeldnare skrive pantaleon, er eit strengeinstrument av hammartypen der strengene ikkje har nokon dempemekanisme. Instrumentet vart oppfunne kring 1700 av den tyske musikaren og komponisten Pantalon Hebenstreit (1668–1750), da som ein dulcimer med fleire hundre strenger, dels metallstrenger og dels tarmstrenger. Instrumentet vart spela med to baguettes (hamrar). I løpet av dei neste tiåra vart det laga mange versjonar av instrumentet, og etterkvart kom versjonar med klaviatur til å bli vanlegare. I Noreg veit vi om at ein pantalon vart tilboden på auksjon etter Kiøbmanden Sr: Pløen i Kongens Gade i Christiania i juli 1773. Kring seks år seinare vart ein pantalon falboden for billig Priis. Vi veit dessverre ikkje kven som hadde vore eigaren av det sisnemnte instrumentet. Ein kan elles mistenke at det er tale om same instrumentet som i annonsane frå 1773.
Kjelder
- Cole, Michael: «Pianoforte and pantalon» på Squarepianos.com
- «Pantaleon Hebenstreit» på English Wikipedia
- Nordske Intelligenz-Sedler 1773.07.07. Christiania. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Nordske Intelligenz-Sedler 1779.12.29. Christiania. Digital versjon på Nettbiblioteket.