Pitesamisk byggeskikk
Pitesamisk byggeskikk er den tradisjonelle byggeskikken i det pitesamiske området, som inkluderer mykje av Arjeplogs kommun i Sverige; og heile Saltdal, Beiarn, Gildeskål og Meløy kommunar og store delar av Rana, Fauske og Bodø kommunar i Noreg. Området inkluderer tradisjonelt både skogs-, fjell- og kystsamisk kultur så vel som både veide-, reindrifts-, bygde-, jordbruks- og fiskesamisk kultur. Typiske byggeteknikkar inkluderer bogestongbygg, lafting og kløftstongbygg, og karakteristiske bygningstypar inkluderer njalla (einstolpebu), luäppte (tostolpe-tørkeskjå), ájjte (stabbur med minst fire stabbar/pålar), vanashuvvsa (naust), jordkjellarar med fleire. Eit særtrekk er den mangekanta (seks- til åtte-) tømmerkåta, som blir skildra i litteraturen heilt tilbake til 1600-talet.
Stallotomtene
Bogestongskåta og andre bogestongsbygg
Kåter med kjegletak
Kåtene med kjegletak — der alle stengene går heilt opp til riehpen (ljoren) er den eldre typen, og òg den typen som er vanlig frå den sørlige delen av det pitesamiske området og sørover til og med det sørsamiske området.
Kåter med boga tak
Den nordlige typen bogestongskåte, der taket følgjer bogen i bogestengene, er òg tradisjonell i det pitesamiske området. Israel Ruong skreiv at denne kåtetypen var vanlig i det nordaustlige pitesamiske området føre karesuandosamane kom til området kring 1920.
Dimbargåhte
Åttekanta kåter
Sekskanta kåter
Firkanta kåter
Luäppte
Njalla
- Njalla ved Silvermuseet i Arjeplog.Foto: Olve Utne (2012).
Ájjte
Kjelder og litteratur
- Liedgren, Lars: Samiska byggnader och konstruktioner inom pitesamiskt område. (Anvarat; 3) Arjeplog : Silvermuseet, [2017]. ISBN 9789186967024