Plassefolk på Kvamme i Stryn (Gnr 17)

Plassefolk på Kvamme i Stryn (Gnr 17) Sjå meir om gard og grend på Kvamme i Oldedalen.

Håvardplassen

Inge Melkevoll skriv:

"Denne plassen låg under Nigard og Håvard var truleg ein av sønene på bruket. Ein kan enno sjå kvar husa stod. Han hadde både stove og fjøs pluss ei utmarkslade med plass til omlag 20 høybørar. Håvard-slåtten, Håvardteigen og Håvardsteinen er namn som minner om denne plassemannen.

Plassen vart nedlagt så tidleg at ingen veit kvar folket her vart av, men det er rimeleg at også desse har funne vegen til Amerika.

I Utogned fortel dei:

Husa låg ovanfor der Ingebrigthusa er no. Håvardnamn: Håvaledet. Håvaslåtten var truleg ein skogaslått som høyrde til plassen.

Hans og Brithe

I folketeljinga for 1801 finn vi Hans Willumsen, 44 år gamal, nemnd som "Jordløs huusmand". Han er gift med Brithe Nielsdotter, 41 år gamal.

Hans og Brithe har:

  • Niels Hansen, tre år i 1801.
  • Christie Hansdotter, 11 år i 1801.

Anders og Synneve

I folketellinga i 1875 finn me Anders Andersen, fødd 1805 og "Husmand med Jord". Han er gift med Synneve Antonsdotter. Ho er fødd i 1806.

Anders og Synneve har:

  • Anne Andersdotter, fødd 1839 og ugift i 1875.
  • Dorthe Andersdatter, 22 år i 1865.

I 1865 har de seks kuer, ti får, syv geiter og én gris.

Rasmus og Barbro

Rasmus Rasmussen og Barbro Olsdatter er plassefolk i 1865. Rasmus er 28 år i 1865 og er husmann uten jord. Han omtales som "Bordarbeidsmand". Barbro er 29 år i 1865. [[1]]

Rasmus og Barbro har:

  • Rasmus Rasmussen, 1 år i 1865.

I 1865 bor Kristi Olsdatter hos dem som losjerende. Hun er 32 år i 1865 og er skredder.

Bruka på Kvamme: Nigard Utigard Sjur Johans Ingebrigt Utogned Kvamme øvre Kvamsland Solbakken Fjelltun Plassefolk