Prostar i Sogn

Dette er ei liste over prostane i Sogn prosti så langt attende det finst opplysningar. Lista er førebels, og fleire av opplysningane er usikre.

År Namn Sokneprestembete Merknad
1583 Thomas Pederssøn Aurland
1604 Christen Lauritssen Linved Vik
Før 1607 Jens Engelsøn Leikanger
Ca 1607-1617 Hans Kruse Leikanger
1618-1637 Peder Pederssøn Schytte (Toxotes) Sogndal
1637-1658 Erik Iverssøn Nordal Leikanger
1658-1702 Iver Leganger Vik
1659-1668 Peder Hanning Sogndal Både Hanning og Leganger vert nemnde som prostar i perioden
1702-1718 Samuel Bugge Leikanger
1718-1758 Anders Daae Vik
1758-1776 Jonas Daae Vik
Før 1776 Gerhard Heiberg Sogndal Vikarierte då Daae var sjuk
1776-1781 Ole Mauritius Schweder Hafslo
1781-1785 Thomas Georg Krog Vik
1790-1805 David Werner Christie Sogndal
1805-1816 Anders Daae Leikanger
1817-1828 Edvard Qvale Luster

Sogn prosti vart ved kongeleg resolusjon 19. april 1819 delt i Indre Sogn prosti og Ytre Sogn prosti. Den siste prosten i Sogn prosti vart då den fyrste i Indre Sogn.

Kjelde

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (Digital utgåve, NBdigital)