Reindrift i Skottland

Reindrifta i Skottland vart igangsett i 1952 av reinsamen Mikel Utsi (òg skrive Mikkel Utsi; d. 1979) frå Jokkmokk og kona hans, den USA-fødde antropologen Ethel John Lindgren (d. 23. mars 1988). Dei to var på bryllaupsreise til Aviemore våren 1947, og Mikel la merke til at landskapet minte om reinbeita i Lappland. I 1949 etablerte Mikel og Ethel rådgjevings- og forskingsrådet the Reindeer Council of the United Kingdom, og ei stund etter etablerte dei the Reindeer Company Limited — begge med adresse i Cambridge. I 1952 fikk dei importert dei første reinane — alle kom frå flokken hans Mikel i Jokkmokk, og dei fikk i første omgang eit 300 acres (ca 1200 mål) inngjerda område til beite. I løpet av dei neste åra importerte dei nokre sørnorske reinar, og dei har òg teke inn av den noko større russiske reinen. Beitet vart utvida med 70 acres (ca 280 mål) barskog i 1953, og i 1954 vart ytterligare 5900 acres (ca 23 600 mål) lagt til; no utan krav til full inngjerding. Inn på 2000-talet har flokken vore regulert til kring 150 dyr.

Rein ved Beinn Mac Duibh engelsk Ben Macdui) i Am Monadh Ruadh, engelsk The Cairngorms).
Foto: Richard Webb

Villrein

Steinalderen

Det fanst villrein i Skottland fram til etter siste istida, men det yngste arkeologiske funnet av horn eller bein av rein frå Dei britiske øyane, som vart gjort i Creag nan Uamh, er karbondatert til kring 6350 fvt.

Mellomalderen?

Etter steinalderen finst det berre eitt eksplisitt indisium på rein i Skottland føre nyare tid. I Orkneyinga saga står det om tida kring midten av 1100-talet: “þat var siðr jarla nær hvert sumar at fara yfir á Katanes ok þar upp á merkr at veiða rauðdýri eða hreina.”[1] Ordlyden her kan takast til inntekt for at dei jakta på både hjort og rein — og har vore teke til inntekt for at det skulle ha vore rein i Skottland samanhengande fram til høgmellomalderen; men i og med den totale mangelen på arkeologiske bevis nyare enn det nemnte funnet frå kring 6350 fvt. er det rimeligare å tru at rauðdýri eða hreina er å forstå som ei vag formulering av ein forfattar som ikkje var sikker på kva for slags hjortar dei jakta på der.

Tamrein

Forsøka kring 1800

Frå slutten av 1700-talet vart det gjort ymse forsøk på å importere rein til Skottland. Vi kjenner til tre forsøk, alle mislykka ut frå manglande innsikt i særeigenheitene ved rein i forhold til andre hjortar. Den første som prøvde, i 1790-åra, var John, den fjerde hertugen av Atholl. Han importerte alt i alt 14 reinar frå Arkhangel’sk over fleire år for å etablere ein flokk i Perthshire, men berre tre av desse reinane ser ut til å ha overlevd transporten. Av dei dyra som kom fram var det ingen som greidde seg meir enn to år. I 1816 importerte Robert Traill to simler og ein reinokse frå Arkhangel’sk til garden sin austom KirkwallOrknøyane. Desse dyra dødde alt første vinteren. Somme[2] hevda at dyra dødde på grunn av fuktig klima og mangel på brukande fôr, men Baikie and Heddle (1848) hevda at dyra vart bevisst vanskjøtta fordi dei ikkje levde opp til forventningane.[3] Den tredje som prøvde kring denne tida var jarlen av Fife, men alle dei reinane dødde òg, “[...] even tho one was turned out on the summits, which are covered with dry moss, on which it was supposed they would be able to subsist.”.[4]

1947– : Utsi-familien og Reindeer Company Limited

Sjå òg

Fotnotar

  1. Flateyjarbók II, 508; sitert via J. Fritzners Ordbok
  2. Smith 1870, Buckley and Harvie-Brown 1891.
  3. Mal:Clutton-Brock & MacGregor 1988
  4. Scrope 1894, sitert frå Mal:Clutton-Brock & MacGregor 1988

Kjelder

Lenkjer