Rognaldsvåg skule

Rognaldsvåg skule i dåverande Flora kommune stod ny i 1972. Med det nye skulebygget i Rognaldsvåg vart krinsane Kinn, Skorpa, Reksta og Rognaldsvåg slegne saman og alle elevane sendt hit. I 2008 vedtok Flora kommune å leggje ned skulen, og skulelevane må no følgje båt inn til Florø barneskole. I dag blir skulebygget nytta som samlingstad og klubblokaler for grenda.

Rognaldsvåg skule
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd.
  • Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.
  • Reksten, Torleif (2009) Reksta skule. I Flora-minne 2009

Ikkje-prenta kjelder

  • Samtale med Hans-Jacob Sunde

Koordinater: 61.565051° N 4.795117° Ø