Romsdalsgeit
Romsdalsgeita er den sørvestligaste av dei tre typane geitbåt og danar ein overgangstype mellom geitbåten og sunnmørsbåten. Ho høyrer tradisjonelt til i bygdene på nord- og austsida av Romsdalsfjorden — nærmare bestemt Molde, Nesset og deler av Rauma kommune. Romsdalsgeita skil seg frå søfjordingen først og fremst ved at ho er noko breiare og sidare i forma. Eit anna karakteristisk drag er at lyroddane er mykje mindre enn det som er typisk for dei andre geitbåttypane.
Bildegalleri
- Småe lyroddar. Romsdalsgeit under bygging av Øystein Elgvasslien i Husasnotra.Foto: Olve Utne (2011).
- Romsdalsgeit på Geitbåtmuseet.Foto: Olve Utne (2015).
- Romsdalsgeit på Geitbåtmuseet.Foto: Olve Utne (2015).
- Romsdalsgeit på Geitbåtmuseet.Foto: Olve Utne (2015).