Rovde kommune
Rovde kommune på Sunnmøre vart etablert 1. januar 1905, da bygda Rovde vart utskild frå Sande som eigen kommune. Rovde hadde då 610 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart kommunen delt mellom Sande og Vanylven, slik at Rovdestranda (436 innbyggjarar) gjekk inn i den nye Vanylven kommune, medan resten av Rovde (562 innbyggjarar) vart ein del av den nye Sande kommune.
Kjelder og litteratur
- Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999.