Søndre Grasbekkveg
Søndre Grasbekkveg i Øyfjell i Vinje kommune går søraustover frå krysset med Trovassvegen og Nordskogvegen til kommunegrensa mot Tokke der han går over i Buinvegen. Han er 1,7 kilometer lang og går i eit område med mange hytter.
![](/thumb.php?f=Vinje%2C_S%C3%B8ndre_Grasbekkveg-1.jpg&width=400)
Søndre Grasbekkveg.
Foto: Roy Olsen (2023).
Vegen har namn etter stølen Grasbekk og vart namnsett i 2014.
Kilder
- Norgeskart: Søndre Grasbekkveg