Salong 6220

Salong 6220 var ein frisørsalong i Straumgjerde i Sykkylven kommune. Salongen fekk namnet etter poststaden Straumgjerde som har nummeret 6220. Salongen vart starta av Ann Merete Ødegård og Rigmor Aarhuus i 1985. Etter nokre år gjekk Aarhuus ut, og Annelise Urke kom inn som medeigar i 1992.

Salongen starta opp i dei tidlegare lokala til Straumen kiosk på Bergane i Straumgjerde. Mot slutten av 2001 flytte dei til nye lokale i Straumgjerde, også det lokale som Straumen kiosk tidlegare hadde brukt. Der hadde salongen tilhald heilt fram til han vart avvikla i mai 2024.

Salongen hadde ei stabil kundegruppe frå heile kommunen, og utførte klipp og anna hårbehandling av både kvinner og menn.

Kjelde

  • Informasjonar fra eigarane Ann Merete Ødegård og Annelise Urke til Eldar Høidal, april 2015 og mai 2024.