Seljord Handelslag

Seljord Handelslag starta opp i 1903. Forretninga dreiv detaljhandel og bakeri. Det vart omsett kolonial, mjøl, forstoff, kunsthevd, såvarer, isenkram, glas og steintøy, manufaktur og skotøy.

Seljord Handelslag.
Foto: Ukjend / "Norske næringsliv" skannet side nr. 884. nb.no
Nasjonalbiblioteket

Forretninga hadde ei grunnflate på 500 m2. I 1947 omsette forretninga for 560 000 kr.

I 1949 var det Einar Evja som var styrar for handelslaget i Seljord. Han hadde tilsett fem handelsbetjenter, samt ein bakar.

Arkiv

Delar av arkivet etter Seljord Handelslag vert oppbevart hjå Seljord kommune. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.