Setesdalsmuseet

Setesdalsmuseet er ein samanslutning av museum i Setesdal i Agder, i kommunane Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Agder Folkemusikkarkiv er samlokalisert med Setesdalsmuseet, som har administrasjonen på Rysstad.

Inngangen til museets kontorer.
Foto: Siri Johannessen

Samlingane omfatta per 31. desember 2007 ikring 30 000 gjenstandar, 6400 mineralprøver og tett på 53 000 foto. Dei fleste av samlingane har fokus på den lokale bondekulturen. I hovudutstillinga i Rysstad finn ein fire permanente utstillingar: ei om kraftproduksjon som er ei viktig inntektskjelde for Setesdalskommunane; «So gjekk me kledde i Råbyggjelaget» som viser drakter og kultur i frå Bykle til Iveland og Vegusdal; diktaren Hans Henrik Holm si diktarstoge som ho var i loftsleilegheita i Karl Johans gate i Oslo; og samlinga til Jon O. Løyland og Gyro Løyland. Dagleg leiar for museet er Anna Stella Karlsdottir.

Samlingar

Musea som inngår i Setesdalsmuseet er:

Museum Kommune Skildring
A - Bygland Museum Bygland Friluftsmuseum
B - Evje og Hornnes Museum Evje og Hornnes Bygdemuseum
C - Evjemoen Forsvarsmuseum Evje og Hornnes Militærmuseum
D - Huldreheimen Bykle Bygdetun
E - Jernvinnemuseet på Hovden Bykle Jernvinneanlegg
F - Iveland og Vegusdal Bygdemuseum Iveland Bygdemuseum
G - Lislestog Bykle Morten Henriksens samling, bygnings- og gjenstandssamling
H - Rygnestadtunet Valle Gardstun  
I - Setesdalsmuseet Valle Hovudmuseet med administrasjon  
K - Tveitetunet Valle Gardstun  

I tillegg til dei ni musea forvalter museet óg andre kulturminne i dei fem kommunane.

Eksterne lenkjer

Koordinater: 59.094900° N 7.527194° Ø