Sindre krins
I 1861 vart den delen av Markane som høyrde til Innvik herad i Faleide krins og Jutledalen, Øen og Utigard Maurset slegne saman til Sindre krins. Denne krinsen er ein del av Stryn kommune (tidlegare Innvik kommune). Skulen i Sindre krins var lagt ned i 1878. Etter dette gjekk borna først på skule i nabokrinsane. I 1924 vart Sindre skule etablert på nytt, men då utan eige skulehus. Det var halde skule først i hovudhuset så i stabburet på garden Flore fram til og med skuleåret 1949/50.
Skulehus
Sindre skule
- Byggeår: 1863
- Fungerte som skule: 1863-1878
- Anna bruksområde: Skulehuset vart seld til Lødemel krins. Det var rive og køyrd til Lødemel og sett opp igjen der. I 1952 var huset seld på auksjon, rive og tømmeret vart brukt til eit hus i Volda.
Lærarar
Namn | Fødd | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|
Olina Beinnes | 1895 | 1924 | ? | Volda lærarskule (1924) | Også lærar i Tisthamar og Blakset (1924-1934), og ved Olden skule (1934-). |
Ivar Holmøy | 1900 | ? | ? | Stord seminar (1925) | Lærar i Selje 1929-1947, lærar i Sindre og Faleide etter dette. |
Matias Skrede | 1903 | ? | ? | Volda lærarskule (1924) | Lærar i Faleide og Sindre krins, sidan i Utvik krins. |
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Kåre Nygård (red) (2006) Skulehistorie for Innvik og Stryn kommunar 1739-2000
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norske skulefolk. Utg. Dreyer. 1952. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Dagbok for Faleide skule, Sindre skule, Aarholen skule og Aufleim skule, 1890-1904
- Dagbok for Innvik krins, Blakstad krins og Sindre krins, 1920-1950
- Dagsjournal for Faleide skule, Rake skule (Markene krins) og Sindre krins, 1864-1877
- Dagsjournal for Faleide skule, Sindre skule og Aufleim skule, 1878-1899
- Skuleprotokoll for Faleide krins, Rakle krins, Markene krins og Sindre krins, 1862-1877
- Skuleprotokoll for Faleide krins, Sindre krins, Auflem krins og Aarholen krins, 1878-1895
- Skulestorbok for Innvik småskule, Blakset krins og Sindre krins, 1920-1950