Skjervsvegen

Skjervsvegen nordvest i Granvin i Voss herad går austover frå Hardangervegen ved Svelgabrui. Han slyngar seg gjennom Skjervet og forbi Skjervsfossen, og møter Hardangervegen att ved Seimsbrui. Han er om lag 7,2 kilometer lang.

Skjervsvegen går i bru over Granvinelva.
Foto: Leif-Harald Ruud (2024).

Namnet skjerv tyder blankskura fjell. Vegen var tidlegare ein del av Riksveg 13, men vart ein lokalveg då Tunsbergtunnelen opna i 2011 mellom Svelgabrui og Seimsbrui. Han høyrer i dag til Nasjonal Turistveg Hardanger, og er stengd om vinteren.

Kjelder


Koordinater: 60.5853797° N 6.6140593° Ø