Slubbo

Slubbo (lulesamisk; nordsamisk šlubbu, pitesamisk slubbok; sørsamisk klobpe) eller digital nekrobasillose, òg kalla smittsam klauvsjukdom og fotrote, er ein reinsjukdom forårsaka av bakterien Fusobacterium necophorum og karakterisert ved eit hudsår og diffus betennelse i blautvevet i foten.[1] Ved lengre tids sjukdom går betennelsen i fotknoklane og foten får ei karakteristisk klubbeform. Sjukdommen smittar særlig lett i samband med høg reintettheit under fuktige forhold. I tidligare tider med intensiv reindrift, da reinflokkane var små og dyra gjerne samla til mjølking o.a. på gjørmute plassar, var slubbo relativt vanlig, medan den ekstensive reindrifta med mindre reintettheit over mykje større område gjer at slubbo ikkje smittar så lett.

Namn

Fotnotar

  1. «Kronisk fotråte hos villrein» på nettstaden til Veterinærinstituttet, publ. 18.03.2009.

Lenkjer

Villrein og slubbo