Språkskiftet til nynorsk i Sogn og Fjordane

Språkskiftet til nynorsk i Sogn og Fjordane kom tidlegare og var meir omfattande enn i noko anna fylke. I dag er Sogn og Fjordane fylket der nynorsk står klart sterkast. Alle kommunar har nynorsk som tenestemål, og så godt som alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har nynorsk som hovudmål.

I 1892 fekk skulestyra lovheimel (målparagrafen) til å innføre lærebøker og skriftleg opplæring på nynorsk i folkeskulen, og frå same år fekk kyrkjelydane høve til å ta i bruk det nynorske samleboktillegget «Nokre Salmar» av Elias Blix. Den store overgangen til nynorsk opplæringsmål kom 1905-1910 i Sogn og Fjordane, som i mange bygder i Hordaland. I folkeskulen var nynorskelevane i fleirtal alt i 1910, og i 1920 gjekk kring 90 % av elevane i skular med nynorsk som opplæringsmål. Ingen andre fylke hadde eit så tidleg og så stort språkskifte til nynorsk.

Tabellen nedanfor viser når skulestyret etter krinsrøysting gjorde det fyrste vedtaket om å innføre nynorsk som skriftleg opplæringsmål i ein eller fleire skulekrinsar i kommunen. Årstalet følgjer Hovdans oversyn og kan vere usikkert, og vedtak om å innføre einskilde lærebøker på nynorsk kan ha kome før. Tredje kolonne fortel når det fyrste gong var fleirtal for å ta i bruk Blix-salmane i eit sokn i prestegjeldet. Fjerde kolonne er prosent nynorskelevar i 1935.

Det var større variasjonar i dei lokale språkskifteprosessane enn tabellen gjev inntrykk av (jf. Lothes oversyn over kvar einskild kommune og artikkelen om Jostedalen). Ein hovudtendens er at Sogn (både ytre og indre) og dei indre bygdene i Nordfjord hadde det tidlegaste og mest omfattande språkskiftet. Seinast kom språkskiftet i dei ytre bygdene i Nordfjord.

Kommune Fyrste nynorskkrins Fyrste sokn med Blix-salmar Prosent nynorsk i folkeskulen 1935
Sogn
Jostedalen Mellom 1901 og 1907 12.5.1907 100
Luster 1907 25.2.1906 100
Hafslo 1907 20.5.1906 100
Årdal 1907? 5.7.1903 100
Lærdal 1908 8.6.1902 82
Sogndal 1908 6.8.1905 100
Aurland 1908 18.3.1906 93
Leikanger 1901 14.1.1900 100
Balestrand 1908 28.6.1903 100
Vik 1908 5.6.1904 100
Lavik 1900 12.10.1902 100
Kyrkjebø 1904 3.8.1902 71
Brekke 1902 28.9.1902 100
Gulen 1907 22.7.1906 100
Solund 1908 4.6.1906 100
Hyllestad 1908 16.6.1907 84
Sunnfjord
Askvoll 1909 31.3.1907 95
Fjaler 1908 19.11.1906 100
Gaular 1908 24.6.1906 100
Førde 1918 4.10.1914 100
Naustdal 1908? 23.9.1917 100
Jølster 1905 22.10.1905 100
Vevring 1909 1.7.1906 100
Bru 1916 22.3.1906 91
Kinn (med Florø) 1909 --- 63
Eikefjord 1907 14.10.1917 100
Nordfjord
Bremanger 1907 26.11.1905 100
Sør-Vågsøy 1919 21.8.1910 37
Nord-Vågsøy 1913 5.5.1907 100
Selje 1913 16.12.1906 69
Davik 1909 2.6.1907 95
Eid 1907 22.4.1906 100
Hornindal 1908 5.8.1906 100
Gloppen 1908 30.7.1905 100
Breim 1909 21.10.1906 100
Innvik 1906 10.12.1905 100
Stryn 1897 8.7.1906 100

Sjå òg metodeartikkelen om lokal språkstrid.

Kjelde


  Språkskiftet til nynorsk i Sogn og Fjordane er del av
prosjektet Språkskifte i norske kommunar 1892-2013
som er komme i stand i samband med Språkåret 2013.
Artiklane i denne serien er tilgjengelege i denne kategorien.