Storsätern
Storsätern, lokal uttale og uoffisiell skriftform Storsätra, er ei grend i Idre distrikt i Älvdalens kommun i Dalarnas län i Sverige. Staden ligg berre eit par kilomenter frå norskegrensa, rett sør for grensevatnet Grøvelsjøen/Grövelsjön.
Området er i dag prega av turistnæring. Lokale foretak inkluderer Storsätra fjällhotell (etablert 1939), Fjällbua og Renbiten. Det var tidlegare skule der, men i dag pendlar ungane til skule i Idre sentrum, og den tidlegare skulen er omgjort til samfunnshus. Storsäterns fjällkapell vart innvigd i 1968. Det finst òg gravstad der.
Kjelder og litteratur
- «Storsäterns fjällkapell», Wikipedia
Koordinater: 62.0717048° N 12.3142368° Ø