Idre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Idre er trulig opprinnelig eit innsjønamn og ein trur at det var det gamle namnet på Idresjön.
Foto: Olve Utne (2014).

Idre (no./sv.) eller Eajra (sørsam.) er eit skogs- og fjellområde og bygdelag som saman med Serna ligg i grenseområdet mellom Østerdalen, Røros-distriktet, Herjedalen og Dalarna. Fram til 1644 låg Idre til Østerdalen, men sidan den tid har både Idre og Serna lege under Dalarnas län i Sverige. Idre og Serna ligg i dag under Älvdalens kommun. Språklig sett ligg den tradisjonelle skandinaviske dialekten i Idre nærmast midtøsterdøl, og den tradisjonelle sørsamiske dialekten der er av rørossamisk type. Ein person frå Idre blir kalla ein idresing.

Administrasjonshistorie

Kommunevåpen for Idre landskommun 1944–1970.


Språk

Trafikkskilt på svensk og sørsamisk ved innkjøringa til tettstaden Idre.
Foto: Olve Utne (2014).

No finns da bokser å jakker å köpe!
Skriv di ega text på kläen!
Nö mer di vill ha? Skriv ta mä sö ordner jä da!
(Frå ein annonse på idremål frå 2012 på Facebook.com)

Idremålet har mykje palatalisering i hovudstavinga, inkludert av ll, nn, dd og tt. Gammal hv blir oftast uttala kv, som for eksempel i idremål kvit. Endings-r held seg både i ubestemt fleirtal av substantiv og i presens av svake verb. Det er tydelig preaspirering av pp, tt og kk. Vokalismen er prega av mykje utjamning i jamvektsord; av monoftongering av gamle diftongar; og av ein tendens til svekking av endingsvokalar i jamvektsformer. Elles er å merke pronomenformer som jä(g), vi og di. Av andre ord kan nemnast kväx (trøndermål kvæks eller kvaks, nynorsk kvefs, svensk geting), môr (maur, svensk myra), stuhtt (stutt, kort, svensk kort), dörståkk (dørstokk, svensk tröskel), frôsk (frosk, svensk groda), sjå (sjå, svensk se).

Busetting

Idre

Idre kyrka.
Foto: Olve Utne (2014).


Storsätern og Grövelsjön

Bildegalleri

Lenkjer

Språk