Rørossamisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal (goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n (Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t (Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar.

Litteratur

  • Bergsland, Knut: Røros-samiske tekster. A.W. Brøggers boktr., 1943.
  • Bergsland, Knut: Røros-lappisk grammatikk : et forsøk på strukturell språkbeskrivelse. (Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Serie B. Skrifter ; 43) Oslo : Aschehoug, 1946.
  • Hilmo, Jo Vegard: Språksamfunn i grenseland: Ein sosiolingvistisk studie av språk og språkoppfatningar i Tydalen. Masteroppgave, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap. NTNU, 2012.[1]
  • Lagercrantz, Eliel: «Gebirgsdialekt in Tännäs, Hede, Härjedalen», i Eliel Lagercrantz: Synopsis des Lappischen, Oslo : Oslo Etnografiske Museum, 1941, s. 325–225.

Lenkjer

  • Aajege - samisk språk- og kompetansesenter (Røros)