Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1897

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1897 var det siste der Moderate Venstre og Høgre i lag greidde å halde Venstre utanfor. Tidlegare 1. vararepresentant Ludvig Strømme kom inn på fast plass for Jakob Sverdrup, elles var stortingsbenken den same som førre periode.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Kommune Parti Merknad
1. representant Gaardbr. K. A. Taraldset Innvik Høgre 2. repr. førre periode
2. representant Kirkes. Anfinn Refsdal Vik Moderate Venstre 5. repr. førre periode
3. representant Provst Ludvig K. O. Strømme Selje Høgre 1. suppl. førre periode
4. representant Gaardbr. F. Fraas (Hillestad) Hafslo Høgre 4. repr. førre periode
5. representant Gaardbr. Gjert Holsen Førde Høgre 3. repr. førre periode
1. suppleant Handelsmann J. B. Lieske Bremanger Høgre 2. suppl. førre periode
2. suppleant Gaardbr. A. B. Hanetveit Gulen Høgre
3. suppleant Gaardbr. S. O. Fuhr Luster Høgre
4. suppleant Gaardbr. N. S. Dvergsdal Jølster Moderate Venstre
5. suppleant Gaardbr. J. M. J. Lothe Gloppen Moderate Venstre

Valet

Valet vart halde i Førde 16. oktober 1897 med 94 valmenn tilstades. 57 tilhøyrde Moderate Venstre og Høgre, og 37 Venstre.

Flest røyster under representantvalet fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. K. A. Taraldset 57 Høgre
2. Anfinn Refsdal 56 Moderate Venstre
3. Ludvig K. O. Strømme 56 Høgre
4. F. Fraas 56 Høgre
5. G. M. M. Holsen 56 Høgre
6. S. Aarnæs 36 Venstre
7. R. T. Sindre 36 Venstre
8. J. K. Hæg 36 Venstre
9. K. P. Indrehus 36 Venstre
10. Lasse Trædal 24 Venstre

Det var særskilt val til dei tre fyrste suppleantplassane og felles val av 4. og 5. suppleant. Dei valde fekk 55, 56, 56, 56 og 54 røyster. Venstre sine kandidatar (I. I. Myklebust, O. G. Hillestad, lærar Eldevik, D. Bakke og Sjur Næss) fekk 36, 36, 33, 35 og 34 røyster.

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1898, 1898-99 og 1899-1900.

Kjelder