Gjert Holsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjert Martines Markvarsen Holsen (fødd 24. juli 1855 i Førde, død 1921) var politikar og gardbrukar. Han var son av gardbrukar Markvar Holsen og Anna Holsen, og han voks opp på garden Holsen i Holsen sokn i Førde i Sogn og Fjordane. Frå 1888 var han sjølv gardbrukar på Holsen.

Holsen sat i kommunestyret i Førde frå 1887 til 1910. Alt året etter han kom inn i lokalpolitikken, vart han vald til stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus amt for Moderate Venstre. Etter kort tid gjekk han over til Høgre, og samarbeidet mellom Moderate Venstre og Høgre i Nordre Bergenhus sikra han attvald til Stortinget både i 1891, 1894 og 1897. Venstre vann 1900-valet i amtet, så då kom han ikkje inn, men han kom att som representant i 1903-valet. Også dei to neste vala, i 1906 og 1909, vart han vald (for Samlingspartiet og Høgre). Etter omlegginga av valordninga i 1905 representerte han einmannskrinsen Sunnfjord.

På Stortinget var han medlem i protokollkomiteen 1889-97, medlem i tollkomiteen 1898-1900 og i budsjettkomiteen 1904-1912. Han var medlem av Lagtinget 1903-12 og lagtingspresident 1905 og 1905-06. I 1905 var han òg med i spesialkomiteen i samband med unionsoppløysinga.

Holsen vert i Høyres historie rekna som ein av dei sentrale politikarane i 'Vestlandshøgre' ca 1900-1912. Han vert karakterisert som "gammelmoderat erkeindividualist og sparepolitiker, som vanskelig lot seg disiplinere i noen partibås." Han gjekk mot lina til Høgre i forbodspolitikken, og han støtta den delen av konsesjonslovene som retta seg mot at utanlandsk kapital kunne kjøpe opp norske naturressursar. I 1909 truga han med å gå mot partiet, og i 1912 nekta han attval.

Gjert Holsen var gift med Anne Sørensdotter, dotter av gardbrukar Søren Andersen Holsen og Helga Rasmusdotter Husetuft.

Kjelder