Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1894

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Under stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1894 vart samarbeidet mellom Moderate Venstre og Høgre frå 1891-valet i amtet ført vidare og forsterka. På valtinget sytte dei to partia for å halde Venstre heilt utanfor både dei faste plassane og varaplassane. K. A. Taraldset kom inn for den avlidne Arne Tonning, elles var representantane frå amtet dei same.

Valde representantar

Verv Namn/tittel Kommune Parti Merknad
1. representant Sogneprest Jakob Sverdrup Bergen Moderate Venstre 2. repr. førre periode
2. representant Gaardbr. K. A. Taraldset Innvik Høgre
3. representant Gaardbr. Gjert Holsen Førde Høgre 5. repr. førre periode
4. representant Gaardbr. F. Fraas (Hillestad) Hafslo Høgre 4. repr. førre periode
5. representant Kirkes. Anfinn Refsdal Vik Moderate Venstre 3. repr. førre periode
1. suppleant Provst Ludvig K. O. Strømme Selje Høgre 1. suppl. førre periode
2. suppleant Gaardbr. J. B. Lieske Bremanger Høgre
3. suppleant Kirkesanger Peder Larsson Sunde Stryn Moderate Venstre
4. suppleant Gaardbr. N. S. Dvergsdal Jølster Moderate Venstre
5. suppleant Gaardbr. A. L. Ese Balestrand Moderate Venstre 5. suppl. førre periode

Valet

Valet vart halde i Førde 9. oktober 1894 med 86 valmenn tilstades. 50 tilhøyrde Moderate Venstre og Høgre, og 36 Venstre.

Flest røyster under representantvalet fekk:

Nr Namn Røyster Merknad
1. Jakob Sverdrup 50 Moderate Venstre
2. K. A. Taraldset 49 Moderate Venstre
3. G. M. M. Holsen 49 Moderate Venstre
4. F. Fraas 49 Høgre
5. Anfinn Refsdal 48 Moderate Venstre
6. S. Aarnæs 35 Venstre
7. J. Myklebust 35 Venstre
8. J. Hæg 35 Venstre
9. Elias Melvær 31 Venstre
10. Sjur Næs 29 Venstre
11. R. Sindre 9
12. Lasse Trædal 7

Ved valet på 1. suppleant fekk desse flest røyster:

Nr Namn Røyster Merknad
1. Ludvig K. O. Strømme 47
2. Aarnæs 35

Ved valet på 2. suppleant fekk desse flest røyster:

Nr Namn Røyster Merknad
1. J. B. Lieske 49
2. Aarnæs 35

Ved valet på 3.-5. suppleant fekk desse flest røyster:

Nr Namn Røyster Merknad
1. Peder Larsson Sunde 50
2. N. S. Dvergsdal 49
3. A. L. Ese 49
4. Aarnæs 35
5. Hæg 35
6. Myklebust 32

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på dei ordinære Stortinga i 1895, 1896 og 1897. Sverdrup vart statsråd 26. oktober 1895, så Strømme møtte 1896-1897. Fraas fekk permisjon frå 6. juli 1896, så Lieske møtte frå same dag.

Kjelder