Suldal Sogelag
Suldal Sogelag i Suldal kommune i Rogaland vart stifta 5. desember 1997. Laget sitt føremål «er å fremja interessa for slekts- og lokalhistorie og kulturvern, samt å ta vare på det som er viktig for Suldal si historie og som kan fortelja om livsvilkår i Suldal gjennom tidene». Suldal Sogelag har sitt eige lagslokale, Mimreståvå, i Sand sentrum. Sogelaget gir ut årsskriftet Gamalt frå Suldal.
Laget har 227 medlemmer (pr. 2019). Hadle Eide Bakka har vore leiar sidan 2017.
Publikasjonar
- Hoftun, Daniel: Sølvknappane. Utg. [Suldal Sogelag]. 2001. 138 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Natland, Leo og Følgesvold, Tor Olav: Namn langs sjøen i Erfjord. Utg. Suldal Sogelag, 2015. 128 sider. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Roalkvam, Rune (red.): Helsing frå Suldal : postkort 1890-1960. Utg. Suldal Sogelag. 2008. 192 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Straabø, Odd T.: I Suldal har eg heime. Utg. Suldal Sogelag. 2012. 286 s. Digital versjon på Nettbiblioteket.
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).