Sunde krins (Jølster)
Sunde krins var ein skulekrins i Jølster kommune i Sunnfjord. Undersvisning på Sunde høyrer ein først om i skuleprotokollen frå 1836. På dette tidspunktet var det omgangskule og borna blei undervist i private husstandar på garden. Mot slutten av 1800-tallet blei Sunde ein eigen krins, og den gamle rode ordninga bortfalt.
Læraren på Sunde måtte også undervise i Sygnesand krins. Dette blei avslutta i 1916/1917, då Sygnesand blei avskilt frå Sunde og fekk sin eigen lærar.
Skulen var fram til 1960 todelt. I perioden 1880 - 1930 var det i gjennomsnitt 28 elevar kvart år. Det var ein gradvis nedgang i elevtalet utover 1900-talet, og i perioden 1930-1960 var det 19 elevar i gjennomsnitt kvart år.
Sunde krins blei nedlagt på slutten av 1970-talet, og borna vart overført til den nye sentralskulen på Skei. Årsaka til at krinsa ikkje blei nedlagt tidligare, var fordi dei venta på at brusambandet over Kjøsnesfjorden skulle bli ferdig.
Skulehus
Eit skulehus var trulig bygd på 1890-tallet.
Skuledagen
Elevar frå Dalen krins (Jølster) hadde sløyd og handarbeid saman med elevane frå Sunde på 1950-talet. Johan Lunde var sløydlærar og Eldbjørg Åland var handarbeidslærarinne i 1967.
Skulevegen
Lærarar
Namn | Fødd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|
O.J. Møkelbust | Sunde | 1836 | 1840? | |||
Ole Christensen | Sunde | 1855 | 1858? | |||
Daniel Olsen | Sunde | 1859 | 1860? | |||
Anton Ellasson Fond | 1866 | Sunde og Sygnesand | 1888 | 1893 | Stord 1887 | |
Elias Fossheim | 1846 | Sunde og Sygnesand | 1894,1903 | 1897,1912 | Utdanning Balestrand 1867 og Stord 1870 | Var lærar i to perioder i krinsa: 1894-1897 og 1903-1912 |
Andreas Øgaard | 1872 | Sunde og Sygnesand | 1897 | 1902 | Volden 1887 | |
Johannes Andersson Klakegg | 1887 | Sunde og Sygnesand | 1912 | 1916 | Volda 1911 | |
Kristine Klakegg | 1897 | Sunde | 1919 | 1922 | Volda 1919 | |
Johannes Samuelsen Helgheim | 1900 | Sunde | 1923 | 1960 | Volda 1923 | |
Leiv H. Dvergsdal | Sunde | Vikar 1956-57 | ||||
Anna Denk | Sunde | Vikar 1960-61 | ||||
Peter Dvergsdal | Vikar?1961-62 | |||||
Reidar Helgheim | Vikar 1961-62 | |||||
Egil Støfing(?) | Vikar? 1962-63 | |||||
Kjellaug Hatløy | Sunde | 1962 | 1964 | |||
Magne Dvergsdal | Vikar frå 19. mai ut skuleåret 1964. | |||||
Karl Egeland | Vikar? 1964-65 | |||||
Anne-Brit Henriksen | Sunde | 1964 | 1965 | |||
Siv Sunde Lien | Sunde | 1965 | 1966 | |||
Ragner Grønli | Vikar? 1965-66 | |||||
Judith Sandvik | Sunde | 1966 | 1967 | |||
Aase Brekke | 1967? | |||||
Inger Alvestad | Sunde | 1967 | 1968 | |||
Inger Kelvestad | kst. lærar 1968 | |||||
Jørund Flaten | kst timelærar 1967-68 | |||||
Marit Stubhaug | kst. lærar 1968-69 | |||||
Kirsten Lien | timelærar 1968-69 | |||||
Marit Stubhaug | Sunde | 1968 | 1969 | |||
Laila Sægrov | Sunde | 1969 | 1970 | |||
Almveig Sårheim | 1970? | |||||
Sverre Myklebust | Vikar 1971 |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Espeland, Arne: Norske skulefolk. Stavanger, Dreyer (1934)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 1. Stavanger, Dreyer (1952)
- Bakke, Karl: Norske skulefolk 2. Stavanger, Dreyer (1952)
- Femårsmeldingar frå 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Protokoll over undervisningspliktige born for Sunde skulekrins og Sygnesand skulekrins, 1902-1910. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Sunde skule og Sygnesand skule, 1897-1960. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Skuleprotokoll for Sunde skule, 1962-1970. Digital versjon Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Sunde skule og Sygnesand skule, 1880-1903. Digital versjon Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Sunde skule og Sygnesand skule, 1903-1943. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Sunde skule og Skei skule, 1943-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Dagbok for Sunde skule, 1962-1971. Digital versjon på Digitalarkivet.no.
- Ekstraprotokoll (Gjesdal krins, Sandal krins og Myklebust krins), 1833-1860. Digital versjon på Digitalarkivet.no.