Sunnarvik krins

Sunnarvik krins i Flora kommune (tidlegare i Eikefjord kommune) var først ein del av Vasset krins. På slutten av 1800-talet fungerte Sunnarvik som eigen skulekrins, og i 1892 vart Vasset krins ein del av Sunnarvik. Krinsen vart lagt ned i 1962, då elevane flytta til Eikefjord sentralskule.

Oversikt: Eikefjord – Frå Kyrkjeundervisning til Sentralskule

Skulehus

Det første skulehuset i Eikefjord vart flytta og nytta som skulehus i Sunnarvik frå 1904. Sidan bygget var frå 1863, måtte noko av materialet bytast ut. Då skulekrinsen vart lagt ned i 1962, flytta bygdefolk bygget lenger opp i bygda. Ei stund vart huset nytta som grendehus, i 2024 stod det til nedfalls.

Bygging av skulehuset i Sunnarvik blei tatt opp i fleire møter i skulekretsen, skulestyret og heradsstyret. Første gang i kretsmøte 27. desember 1897. Her bad dei om å få flytte det gamle skulehuset i Eikefjord, då dei ville bygge eit større skulehus.

13 november 1899 behandla heradsstyret skriv frå Sunnarvik krets om staden for oppføring av skulehus i Sunnarvik. Det blei vedtatt at ordførar Knut Osen, lærar K. Hjertenes og Andreas Hopen skulle gje forslag om den mest passande staden for Sunnarvik skule.

Den 6. juni 1900 hadde skulekretsen oppe spørsmål om dei ville overta Eikefjord gamle skulehus for å setje det opp igjen i Sunnarvik i sin gamle form.

Vedtaket lyder:

 
Sunnarvik skule

Sunnarvik overtar det gamle skulehuset i Eikefjord, men rotna, og under transport skada materiale, må skiftast ut. Det byggast på 2 omfar slik at bygget blir høgt nok til å henge opp kart, høgda var 2,35m. Det måtte settast inn hanebjelkar og kle på desse og under sperr. Vindauge og dører måtte bytast då desse var rotne og slitne.

I kretsmøte 3. juli 1901 blei det vedtatt at alt arbeidet som skulle utførast med skulehuset, skulle vere naturalarbeid. Alle som hadde hest skulle bruke denne utan fråtrekk i arbeidstid. Pliktarbeidet var køyring av det gamle skulehuset i Eikefjord til tomta i Sunnarvik, køyring av stein og bygging av grunnmur under skulehuset.

Kjøpekontrakt for tomt hos Arent A. Sunnhordvik og Ole Nilsen Sundhordvik blei godkjent 29. september 1901. Leikeplassen hos Arent A. Sunnhordvik og sjølve skulehuset på åker til Ole Nilsen Sundhordvik.

I kjøpekontrakta står det at Arent A. Sunnhordvik skulle få kr 100,- for leikeplassen og Ole Nilsen Sundhordvik kr 20,- for skulehustomta.

Den 17. januar 1902 imøtekom Kinn skulestyre søknaden om å bygge på 2 omfar på skulehuset. Heradsstyret godkjente skulestyret sitt vedtak 4 februar, men med krav om at huset blei oppført i løpet av førstkommande sommar.

Skulestyret hadde oppe skulesaka to gonger dette året. Den 5. februar vedtok skulestyret at all transport av materialar til byggeplassen måtte krinsen overta, og den andre oktober vedtok skulestyret at grunnmuren måtte byggast den hausten på Kleivehaugen.

I november 1902 rådde skulestyret til at grunnmuren blei gjort ferdig den hausten, og at huset vart bygt på Kleiven. Heradsstyret gjekk med på at grunnmuren til skulehuset skulle byggjast på Kleiven i Sunnarvik på vilkår av at kretsen sine oppsitjarar skaffa fri tomt og leikeplass. Vidare oppføring av grunnmuren, opparbeiding av leikeplass og bringe det gamle Eikefjord skulehus til nemnte tomt i Sunnarvik. Dei måtte også transportere dei resterande material som skulle til byggeplassen. Alle ovanfor nemnte utgifter skulle vere kommunen uvedkommande.

Skulestyret tok 24. september 1903 ut 50 kroner av skulekassen og sette 30 kroner inn på Kinn Sparebank. Pengane skulle brukast til nødvendige utgifter i Sunnarvik skulekrets under oppføring av skulehuset.

Frå regnskapet kan vi lese at Daniel Knapstad var entreprenør, Anders Vasseth og Andrias O. Sunnarvik skaut ut tomta, Anders K Trettevik malte loftet og Lars N. Sunnhordvik fekk betaling for reingjering av skulehuset 14. sept 1904.

Ny kontrakt på tomta blei skriven 6. november 1903 med eigar Andrias O. Sunnarvik og brukar Ole Nilsen av garden Sundhordvik, gard 65/12 i Kinn i Vevring tinglag. Kontrakta syner plassering og størrelse på tomta. For 2600 kvadrat alen blei det utbetalt 80 kroner. Om skulen skulle bli frå flytta og ikkje brukast lengre skulle jordstykket falle tilbake til garden.

Ved tinglesing blei skyld og innføringar i panteboka for garden lese opp. Andrias O. Sunnarvik fekk utbetalt kr 80 av Kinn skulekasse.

I skulekretsmøte den andre januar 1904 blei Lars Nilsen Sundhordvik valt til å sørge for reinhold og oppvarming av skulehuset. Han fekk 17 kr for året.

I januar 1921 hadde dei problem å få tak i vatn på rimeleg måte i Sunnarvik skulekrets. Brønnen som dei hadde brukt vart reven. Følga var at vatn til skulen sitt bruk måtte hentast 200 meter frå skulehuset. Dette var uforsvarleg i fleire høve. Kinn brannassuranselag sin mann i krinsen, gjorde motmæle til disse forhold. Ved brann vil det vere for langt til vatn. Ingen vil heller ta på seg reinhold av huset. I krinsmøte i desember blei forholda diskutert, men det var uråd å komme til ei ordning. Skulekretsen bad derfor skulestyret ta seg av saka og ordne forholdet snarast råd.

Astrid Stegane (Svardal) fekk 31. mai 1931 løyve til å innreie loftet over skulestova i Sunnarvik til bustad. Utgiftene måtte berast av søkar.

21 mai 1934 blei det vedtatt å kjøpe og legge nytt golv i Eikefjord og Sunnarvik skuler.

I 1940 blei det søkt om midlar til bygging av uthus og WC ved Sunnarvik skule. Dette vart samrøystes vedteke å take opp på budsjett for 1940/41 med eit kostnadsoverslag på kr 705,24.

Skulestyret leigde Anskar Hovland til å få bygt uthus ved Sunnarvik skule i 1942. Om han ikkje kunne gå for kostnadsoverslaget som var gjort måtte han seie frå om det.

Skuledagen

Reidar Høyseth gjekk på denne skulen, i friminutta leika dei mest Munk i hans tid. Dette var eit spel der ein brukte trekjeppar. Aslak Osa var i siste kull som avslutta 7 års skulegang i skulehuset i Sunnarvik. Den vanlegaste aktiviteten i friminutta var hans var kanonball.

Skulevegen

Sunnarvik skulekrins var fyrst ein del av Vasset krins. På slutten av 1800-talet fungerte Sunnarvik som eigen krins, og i 1882 vart Vasset krins ein del av Sunnarvik. Krinsen lagt ned i 1962, då elevane flytta til den nye Eikefjord sentalskule.

Torleik Stegane hugsar: «Eg var elev ved Sunnarvik folkeskule frå 1954 til 1961. Langs bygdevegen (Svardalsvegen som han heiter i dag) var det fire km å gå til skulen og fire km attende. Vi kunne og gå ein snarveg gjennom skogen. Då gjekk vi opp gjennom Geila, forbi Ospene over Klårvasselva. Vidare i Øvste grøvegen opp til Likkjekvia. Derfrå over Lågeberget og Høgeberget til Likkjekjenna. Forbi Rabbekjenna og Rabbane. Neover Holebøen, forbi Vassetehola til Ospåsen».

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad

Foto

Kjelder

  • Endestad, Odd Asle: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny skule i Eikefjorden i 2016, 2016.
  • Opplysningar frå Torleik Stegane (elev 1954-61).


Koordinater: 61.574997° N 5.454072° Ø