Sunnmøringen (avis)

Avisa Sunnmøringen, etablert i 1946, er lokalavis for Stranda kommuneSunnmøre. Avisa har nettutgave, og papirversjonen kjem ut ein dag i veka (før 2016: onsdag og laurdag). I 2011 tok Bjørn Arild Hatlem over som redaktør etter Elin Sofie Lorvik, som hadde hatt jobben sidan 2011. Avisa dekkjer bygdelaga Stranda, Hellesylt/Sunnylven, Liabygda og Geiranger. Sunnmøringen er en del av mediekonsernet Polaris Media. Sidan Stranda kommune består av fire geografisk spreidde bygdelag og kommunesenteret Stranda på 1900-talet var prega av industrivekst og sterk innflytting, har avisa Sunnmøringen vore ein av dei viktigaste og mest samlande kulturinstitusjonen i bygda i etterkrigstida.

Oppstarten

Første utgåva av avisa kom ut i 26 mai 1946 med Erling Vassbotn som initiativtakar, utgjevar og redaktør. Erling Vassbotn hadde starta opp Stranda Prenteverk i 1939. I 1983 blei Sunnmørsposten hovudaksjonær. Bladet Sunnylvingen gjekk inn i Sunnmøringen i 1987, og avisa hadde i ein periode avdelingskontor på Hellesylt. Avisa sin undertittel har variert, «Bladet for fjordbygdene» i 1960-åra, «Bladet for Stranda og fjordbygdene» i 1970-åra.

Lokal vinkling

Lokalavisa og bygdebladet Sunnmøringen har i alle år vore eit viktig supplement til regions- og riksavisene. Avisa har gitt plass til stoff som ikkje har vore dekkja av andre, og gitt ei lokal vinkling på riksstoff, til dømes når større lokale industriverksemder har vore truga av nedlegging eller flytting. Dette var tydeleg under den såkalla «Pizzakrigen» i 1988 då Stabburet hadde planar om å flytte 125 arbeidsplassar bort frå bygda. Avisa har på denne måten vore ein viktig bidragsytar til å gi strandarane samkjensle og identitet til bygda.

Samstundes har Sunnmøringen vore eit talerøyr for kritikk, og særleg redaktør Vermund Vassbotn utvikla ein satirisk penn med brodd under signaturen «.v» uttalt «liten v». Forholdet mellom kommuneleiinga i Stranda og Sunnmøringen var Bergaplass sin redaktørperiode dels prega av kraftig ordbruk, t.d. med gjensidige påstandar om løgn.

Lokalhistorie

Før etableringa av Stranda Sogelags årsskrift Strandaminne i 1983 var Sunnmøringen ein viktig publiseringsstad for lokalhistorie. Lokalhistorikaren Sakarias Ansok publiserte artiklar i Sunnmøringen som seinare kom i bokform. Ansok saman med Rasmus Fjørstad, Gerhard Kjølås og Jakob Midtgård gitt mange bidrag til historia om menneskja som budde på dei karakteristiske fjordgardane som blei fråflytt i perioden 1945-1970.

Redaktørar

Redaktørar for Sunnmørigen var først Erling Vassbotn og seinare sonen Vermund Vassbotn. I ein kortare periode var Gerhard Kjølås redaktør. Jon Fivelstad blei redaktør i 1988, deretter Helge Søvik (i 15 år), så Herborg Bergaplass frå hausten 2008. Elin Sofie Lorvik var redaktør 2011-2013, då Bjørn Arild Hatlem overtok. Johan Behrentz tok over som konstituert redaktør medio februar 2017. Noverande redaktør (frå 1. januar 2018) er Renate Furre Henriksen-Sandvær.

Kjelder

Ekstern lenke