Rasmus Fjørstad (1856–1935)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Andreas Fjørstad (fødd 10. juni 1856, død 6. juni 1935) var lokalhistorikar i Stranda. Rasmus Fjørstad arbeidde særleg med gards- og ættesoge, og publiserte bøker om Stadheim-ætta og Sjersjant-slekta og artiklar i lokalavisa Sunnmøringen om Stadheim-ætta.

Hovudarbeidet til Fjørstad er gards- og ættesogene for Stranda (Stranda sokn). Rasmus Fjørstad var ein systematikar, og hans nitidige arbeid la grunnlaget for Stranda bygdebok band I (gardssoga) og III (ættesoga), men han døydde lenge før desse blei utgitt. Gardssoga blei først videreført av Kristian Langlo, Jørgen Gjerde og til slutt Gerhard Kjølås og utgitt i 1954. Arbeidet med ættesoga blei videreført av Olav O. Langlo og blei utgitt i 1964 som Stranda bygdebok band III. Rasmus Fjørstad hadde i sitt manuskript frå 1930-talet utvikla eit særskild nummersystem, der kvar person blei identifisert med gardsnummer, familienummer og personidentifikasjon (literal a-z). Dette nummersystemet blei nytta i Stranda bygdebok III og fekk positiv omtale frå bokmeldarar og lokalhistorikarar.

Han døydde i juni 1935 av kreft.

Bibliografi

  • Fjørstad, Rasmus, Stadheim-ætti i Stranda , Hellesylt 1949
  • Fjørstad, Rasmus: Sjersantslekti på Helsem, Hellesylt 1941
  • Gjerding, Jørgen, Stranda kommune 1837-1937. Med bidrag frå Jørgen Gjerding, C.D.Ous, R. Langlo, Stefan Aasen og O. Fjørstad. Ålesund 1937. 105s. ill.

Kjelder