Synneva Eris hus

Synneva Eris hus var eit freda bustadshus frå 1840 som stod i Øyragata 68 i Lærdalsøyri. Det er også kjent som «Husfred» eller «Gamle bakeriet». Det var eit trehus i to høgder, med liggande panel og taktekking av hoggen skifter. Stilmessig hadde det preg av empire i ein form som gjerne vert kalla Bergens empire. Bygningen stod i verneområdet Gamle Lærdalsøyri, med 161 verna bygningar frå 1700- og 1800-talet.

Synneva Eris hus.
Foto: Johan Meyer

Under storbrannen i januar 2014 brann huset ned til grunnen.

Kjelder

Koordinater: 61.09734° N 7.4853° Ø