Tefillin eller bønereimer er to boksar som inneheld pergament med visse tekster frå Toráen, og som har lêrreimer for å feste den eine boksen til arma og den andre i panna. Tefillin blir bruka under bøn på kvardagar (søndag–fredag) i tradisjonell jødedom. I asjkenazisk jødedom blir tefillin normalt berre bruka av menn, inkludert gutar over 13 år. I sefardisk jødedom er det òg vanlegast at menn brukar tefillin, men det er samtidig meir av ein tradisjon for at kvinner kan bruke dei. I dei ulike greinene av liberal jødedom er det mindre vanleg å bruke tefillin.
Denne siden er en spire. Du kan hjelpe den til å vokse seg stor og sterk!
|
|
Denne sida er ei spire. Du kan hjelpe henne til å vekse seg stor og sterk!
|
|