Tokke historielag

Tokke historielag er eit historielag i Tokke kommune i Telemark. Eit interimsstyre byrja arbeidet i september 1978, men det fyrste ordinære styret vart valt 31. mai 1979. Laget har gjeve ut årsskrift sidan 1980.

I 2019 hadde historielaget 151 medlemer. Medlemstalet har vore nokolunde stabilt, men ein strevar litt med å få med yngre personar.

Lovar

I lovane for historielaget heiter det i § 2: «Føremålet til laget er: a) Å arbeide for at alt av historisk interesse innan kommunen vert teke vare på og verna om. b) Å vekkje, auke og spreide interesse for og kunnskap om Tokke kommune».

Leiarar

  • Olav Grimdalen 1979-1992, tok også initiativet til å skipe historielaget, sat som leiar til han var 90 år gammal.
  • Arne O. Lie 1993-1996
  • Bjørn Andersson 1997-1998
  • Sigrun Lie Brattekås (fungerande leiar 1999, 2001 og 2002)
  • Tarjei Førstøyl (fungerande leiar 2000)
  • Bjørn Andersson 2003-2006
  • Dagfinn Midtbø 2007-2013
  • Einar Heggtveit 2014-2015
  • Gunnar Grøstad Johnsson 2016-

Hovudaktivitetar/publikasjonar

Hovudaktiviteten har vore å oppfylle målsettinga om å gjeva ut eit årleg årsskrift. Dette har kome ut kvart år frå 1980. Elles har Tokke historielag gjeve ut desse bøkene:

  • Aabø, Arne T.: Var det kje moro? blenk frå soga til idrottslaget Teledølen i Lårdal. Utg. Tokke historielag. 2003. 40 s. Særprent av årsskriftet til Tokke historielag 2003.
  • Broe, Unni: Under tak i Tokke : sluttrapport frå kulturminneregistreringane i Tokke. Utg. Tokke kommune, Tokke historielag. 1986. 182 s.
  • Dalen og Dalen hotel : festskrift ved Telemarkkanalens 100-års jubileum : 1892-1992. Utg. Tokke historielag. 1992. 109 s. ISBN 8299119723. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Hedlund, Gerhard (red.): Folk og gamp : hestemarken på Dalen. Utg. Tokke historielag. 1990. 93 s. ISBN 8299119715. Digital versjonNettbiblioteket

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenker