Vågan prestegjeld

Vågan prestegjeld var eit prestegjeld i Den norske kyrkje.

Vågan kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet. På bildet ser ein Lofotkatedralen, og framfor den Vågan gamle kyrkje.
Foto: Celia Hammer

I 1589 var Vågan eit residerande kapellani under Lødingen prestegjeld. Kapellanen i Vågan hadde også ansvar for Skrova og Gimsøy.

Vågan vart eige soknekall i 1735, og i 1791 var prestegjeldet overført frå Salten prosti til Lofoten og Vesterålen prosti.

Gimsøy prestegjeld vart oppretta i 1898 då soknet vart utskild frå Vågan. I 1936 var Vågan sokn delt i Vågan og Svolvær sokn, Svolvær prestegjeld var oppretta som sjølstendig prestegjeld i 1946.

I 1969 vart Gimsøy prestegjeld delt mellom Vågan og Svolvær. Grensa vart fastsatt til ei linje mellom Kjellbergbukta og Festvågaksla, kor dei delane av Vågan kommune som er vest for linja var Vågan prestegjeld og områda aust for linja Svolvær prestegjeld.

Kjelder


Artikkelen Vågan prestegjeld er oppretta gjennom delprosjektet Prestefolk i Nordland

Brukarar på lokalhistorisk wiki kan fritt endre eller legge til innhald i artikkelen. Det vil ofte vere meir relevant informasjon i oppgitte kjelder enn det som først vart lagt til, og det kan t.d. finnast stoff i bygdebøker og liknande.