Vatnelianvegen
Vatnelianvegen i Kviteseid kommune er kring 2,7 kilometer lang og går nord- og vestover frå krysset med Ordalsvegen og Slettemeåsvegen, langs nordsida av Nystaulvatnet til det vesle bruket Lier nord for Liervatn i skiljet mellom Brunkeberg og Morgedal. Herifrå går vegen namnlaus vidare langs vatnet til han møter Håtveitvegen ved Pråmbukti.
Vegen fram til Lier og har namn etter grannegarden Vatneliene (gnr. 91/1) som ligg like nord for Nystaulvatnet. I dag er husestaden der fråskild og vert brukt som feriestad. Vatnelianvegen er bomveg med betalingskasse.
Kilder
- Kartverket, norgeskart.no