Verkenstugu
Verkenstugu i setergrenda Filling i Lesja var ei stugu som hadde vore i bruk medan gruvedrifta etter krommalm gjekk føre seg på Dalsida i 1840- og 50-åra. Stugu var nok nærast ein stall med ein hems der malmkøyrarane kunne sove. Ho vart restaurer av Lesja historielag i 1983, og i 2019 oppgraderte laget ho med golv og rekonstruert hems.
I 2020 vart stugu så inngjerda med tradisjonell skigard (sjå eit stykke nedover i lenka).
Kjelde
- Årsskrift for Lesja historielag 1989 s. 95.