Lesja historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen åt historielaget.

Lesja historielag vart starta 22. mai 1981 og hadde i første driftsåret 25 familie- og 57 enkeltpersonar som medlemer. Laget har til føremål «å vekkje interesse og skapa forståing for bygdehistorie i Lesja. Det vil arbeide for å gjera folk kjent med kulturarven vår, og verne kulturminne av alle slag i bygda».

Frå og med 1983 har laget gjeve ut årsskrift kvart år utanom 1988, da laget var medutgjevar av boka Setrane i Lesja. I tillegg har laget organisert draktopptog, jonsokfeiringar, turar, informasjonsinnsamling om stadnamn, matklokker, kverner, rosemåling m.m., rekonstruert VerkensstuguFilling og Lorkverna m.m.

I 2019 hadde laget 160 medlemer. Medlemstalet varierer noko frå år til år, og har lege mellom 130 og 180. Dei fleste er passive medlemer.

Aktivitetar

Verkenstugu på Filling 2007.
Foto: Arnfinn Kjelland
  • Utgjeving av årboka.
  • Restaurering og drift av Lorkverna - industrihistorisk museum og sosial møteplass med drift av anlegg, turstig, rasteplassar, skiløype m.v.
  • Kulturelle arrangement med lokalhistorisk vinkling.
  • Registrering og tilrettelegging av kulturminne.
  • Markdagar - ekskursjonar til kulturminne.
  • Kommunen eig ei digital bildesamling, og historielaget er aktiv brukar.

Aktiviteten i laget har vore jamt aukande i mange år.

Leiarar

  • Ola Jo Botheim 1981-1985
  • Andreas Morken 1986-1990
  • Sigmund Sæther 1991-1995
  • Hans Avdem 1996
  • Odd Reidar Hole 1997-2004
  • Kai Ove Riise 2005
  • Odd Reidar Hole 2006
  • Ola Utgaard 2007-2009
  • Bengt Flagestad 2009-2010
  • Oddvar Romundset 2011- 2020
  • Einar Morken 2021-2022
  • Rolf Sørumgård 2022
  • Geir Ulekleiv 2023-d.d.

Andre sentrale personar

  • Øystein Mølmen: intiativtakar til stiftinga, sentral i styret dei første åra, æresmedlem.
  • Audun Einbu: mangeårig leiar av skriftnemnda og redaktør av årboka, æresmedlem.
  • Arnfinn Kjelland: redaktør av årboka, støttespelar gjennom mange år.
  • Tor Einbu: mangeårig leiar av skriftnemnda og redaktør av årboka, æresmedlem.
  • Otto Kornkveen: mangeårig dugnadsinnsats m.v., æresmedlem.

Publikasjonar

  • Einbu, Per og Arnfinn Kjelland: Setrane i Lesja i teikning og tekst. Utg. A. Kjellands forlag a.s og Lesja historielag. 1988. Digital versjonNettbiblioteket.
    • Melding: Gjermundsen, Jon Ola i Heimen, b. XXVI, s. 182.
  • Nordset, Bjørg: Kakejern. Utg. Lesja historielag. 2016. 111 s. ISBN 978-82-92358-16-0.
  • Hole, Odd Reidar, Tord Buggeland og Kåre Hosar: Rosemåling frå Lesja. 216 s. Utg. Lesja historielag. 2019. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur