Vestmar (avis)

Vestmar var ei avis som fyrste gong kom ut 17. desember 1867.

Vestmar heldt lokalar i Vestmargården i Kragerø.

Historikk

Det var boktrykkar Carl Bundi som starta avisa som ei venstreavis, og han var sjølv redaktør i avisa i meir enn femti år. Avisa hadde lokalar i Vestmargården i Kragerø, og hadde abonentar i Kragerø og Vestmarbygdane. 1. januar 1923 tok Lars Hellesnes over som redaktør i avisa. Hellesnes døydde i 1934, og då tok enka, Bertine Ruud Hellesnes over som redaktør.

Den 1. januar 1998 blei avisa slått saman med Kragerø Blad, til avisa som i dag blir utgitt under namnet Kragerø Blad Vestmar. Året etter blei også Drangedal Blad fusjonert inn i avisa.

Kjelder

  • Hansen, Berner og Nielsen, Bjørn Øvrum (red.), Avis må til! : en oversikt over aviser i Telemark fra 1830 til 1970, Skien, 1970. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.