Vinjevegen (Vinje)

Vinjevegen i Vinje kommune går som framhald av Høydalsmovegen frå kommunegrensa mot Tokke. Han passerer tettstaden Åmot og vidare grendene Tveitogrend, Særensgrend, Bøgrend, Vinje, Smørklepp og Mogane. Like etter Grunge bru møter han Haukelivegen. Vinjevegen er 24,4 kilometer lang og er ein delstrekning av E134.

Vinjevegen i Bøgrend.
Foto: Roy Olsen (2023).

Vest for Vinje kyrkje ligg Vinjesvingen som er kjend som åstad for kampar mellom norske og tyske styrkar våren 1940.

Kilder


Koordinater: 59.5629883° N 8.0080793° Ø