Voss prestegard

Voss prestegard (opphavleg gnr. 255/1) låg omlag 75 meter sørvest for Vangskyrkja, i tettstaden Vossevangen i Voss herad. og hadde røter attende til Mellomalderen. Men då garden brann ned i samband med tyskarane si bombing av Vossevangen i 1940, var de eldste husa ifrå seint 1600-tal eller tidleg 1700-tal.

Den tidlegare prestebustaden på Voss gjer i dag nytte som turistkontor.
Foto: Leif-Harald Ruud (2024).

I 1949 vart prestegarden splitta opp i fleire bruksnummer, og med tida fekk tettstaden ein ny prestebustad på gnr. 255/37. Saman med denne vart det òg bygd ein ny sal og kontor for kyrkjelyden. I parken utanfor står Brynjulf Bergslien sitt minnesmerke over spelemannen Ola Mossafinn og Ridande Vossabrudlaup.

I 2002–2003 flytta soknepresten til ny tenestebustad, og då tok Voss turistkontor over eigedomen.

Galleri

Kjelder


Koordinater: 60.6280132° N 6.4160724° Ø