Vråliosvegen

Vråliosvegen i Vrådal i Kviteseid kommune går vestover frå Kviteseidvegen gjennom Vrådal sentrum og fylgjer nordsida av Vråvatn til kommunegrensa mot Tokke. Han er 22 kilometer lang og er ein delstrekning av fylkesveg 38.

Vråliosvegen i Vrådal sentrum sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vråliosvegen i Vrådal sentrum sett østover.
Foto: Roy Olsen (2021).
Vråliosvegen med nr. 1267, garden Flatland (gnr. 11/3).
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen har namn etter plassen Vråliosen eller grenda Vråliosen.

Plassen Vråliosen (Osen) (gnr. 7/1) ligg like i enden av Vråvatn. Her var brygge for dampbåten «Nissen» som kom i 1867. Året etter vart det bygd sluse ved Storstraumen, så «Nissen», og seinare «Dølen», kunne gå i rute mellom Vråliosen og Tveitsund (Treungen). Etter at bilferdsla auka, måtte båtlaget gje opp i 1930-åra.

I 1863–64 starta Tor P. Flatland landhandel på plassen. I 1870 overtok broren, Mikkel P. Flatland. Han flytte frå Vråliosen i 1876, men kom attende i 1886. Da dreiv han igjen landhandel og sette opp fleire hus, mellom anna eit stort hotell. Han hadde og skyss-stasjon. Ikring 1920 vart Vråliosen overtatt av sonen Petter N. Flatland.

Galleri

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Bakken, Olav: Kviteseid bygdesoge II, Gardsoga. Eigi forlag 1962.


Koordinater: 59.48199° N 8.34777° Ø