Vråliosen hotell
Tidlegare Vråliosen hotell (også kalla Vraaliosen Hotel og Sanatorium, Vraaliosen Hotel og Pensionat, Vraaliosen Hotel og Vraaliosen/Vråliosen Turisthotel) ligg i enden av Vråvatn i Vrådal i Kviteseid kommune. Dette var endepunktet for dampskipsruta som hadde gjenge på Vråvatn og Nisser sidan 1867. Hotellet blei starta av Mikkel Flatland (M.P. Fladeland (1849–1922) i avisannonser) i 1895.[1] som Vraaliosen Hotel og Sanatorium.[2] Seinare overtok Astrid Iversen. Eigedomen blei skild ut frå gnr. 7/1 i 1942.[3] Kåre Steen fekk skøyte på eigedomen i 1944, og i 1977 overtok sonen, Tore Steen.[4]
Kvifor turisthotell i Vråliosen? Turisttrafikken over Haukeli auka og det vart bygd turisthotell i Tveitsund. På Nisser og Vråvatn gjekk det rutebåt Tveitsund–Vråliosen, og det vart naturleg med eit hotell i Vråliosen der turistane kunne overnatte før turen gjekk vidare over Haukeli med karjol. Vråliosen hotell er bygd i 1895 i ein romantisk stil, same byggemåte og stil som det omfangsrike Dalen Hotel (1894). Arkitekt der var Haldor Larsen Børve. I 1910 var Arendal–Åmlibanen bygd ferdig, og den vart forlenga til Tveitsund som Treungbanen 1913. Etter kvart som turisttrafikken med bil tok seg opp vart det mindre bruk for hotellet, det vart gjort fleire freistnader med ny bruk, men etter kvart vart det ståande tomt og ubruka. I 2026 fekk det nye eigarar, og dei tok raskt til med grundig rehabilitering/restaurering der mellom anna murbygget, som gjekk ut frå kjellarhøgda, er fjerna sumaren 2026
Sjølve bygningen. Dalen Hotel er bygd i plankelaft i 1894 og kom som precut vassvegen på Telemarkskanalen til Dalen. Det har same stil og byggemåte som ei rekke liknande bygg levera av Strømmen Trævarefabrik, og er nok levera av denne. Landsmarka kapell i Nome er levera i 1893, bygd i same stil og med same byggemåte, og levera av Strømmen Trævarefabrikk. Mykje tyder difor på at Vråliosen Hotell og er levera som precut av Strømmen Trævarefabrikk og kom via Bandaksli ved kanalen. Fabrikken levera mykje vindaugo og dørar til Fyresdal i dette tidsromet, desse er det dokumentera at kom vassvegen via Bandaksli.
Eigedomens adresse er Vråliosvegen 2140.
Arkiv
Ei gjestebok og nokre reklameartiklar frå Vråliosen hotell vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Sjå lenke til oppføring på Arkivportalen.
Referansar
- ↑ Nes, Trygve. Postkort fra gamle Telemark. Utg. T. Nes. Notodden. 1999. Digital versjon på Nettbiblioteket
- ↑ Buskeruds Blad 1896.06.14. Digital versjon på Nettbiblioteket
- ↑ Grunnboksblad for gnr. 7/1, Vraaliosen og Skreosen
- ↑ Grunnboksblad for gnr. 7/10, Vråliosen Turistpensjonat
Kjelder
- Nes, Trygve, Postkort fra gamle Telemark, Notodden, T. Nes, 1999. Lenke til digital utgåve på Nasjonalbiblioteket.
- Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949. (s. 820). Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.
- Kulturminnesøk: Vråliosen hotell