Tveitsund hotel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tveitsund hotel i Treungen.
Foto: Ukjend fotograf / Nissedal historielag.

Tveitsund hotel (Tveitsund Turisthotel) vart bygd i 1915. Hotellet fekk seinare namnet Treungen Turiststasjon. Hotellet låg i Treungen i Nissedal kommune.

Hotellet låg litt sør for der brua i Tveitsund kom tre år seinare. Det var Sondre Svalastog som fekk oppført bygningen. I 1916 kom Jenny Johnsen Noraberg til Treungen og vart styrar for hotellet. Ho hadde arbeida som kjøkkensjef ved Hotel Fønix i Arendal tidlegare, og det var slik Sondre vart kjent med ho og fekk ho til å bli styrar ved hotellet. Planen hennar var å arbeide der eit års tid, men sjebnen ville det annleis. Ho vart forlova med ein Andreas, og i 1918 kjøpte ho hotellet for 25.000 kroner og inventar for 10.000. Sidan dreiv ho det i 44 år.[1]

"Tveitsund Turiststasjon" i 1953.
Foto: Ukjend fotograf / Nasjonalbiblioteket.

Kundegrunnlaget var turistane som reiste med båten og jarnbanen. Jenny fortalte sjølv korleis kvardagen arta seg på hotellet; "Dei kom med toget klokka 12 og skulle ha middag før båten gjekk klokka 14. Det var hardt å ha middag til så mange. Eg kunne ha opp til 50 stykke til middag."[2] Hotellet hadde plass til 30 gjester, og høgsesongen var i påska og på sumaren.

Hotelldrifta opphøyrde omkring 1962.

Referansar

  1. Åsen, 2000, s. 271.
  2. Åsen, 2000, s. 272.

Kjelder

  • Åsen, Kjell, Nissedal bygdesoge: Kultursoga: 1900-1999, Nissedal, 2000. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.